Mat-teltet

Mat-teltet, tillaging av mat etter gamle metodar.

I Mat-teltet vil det heile tida vere aktivitet med tillaging av mat etter ulike gamle metodar. 
Nokre rettar varierar frå dag til dag, som for eksempel gropkoking, heilsteiking, plankerøyking eller at noko er akkurat riktig ferdig tørka, salta eller fermentert.

Fast på menyen er Vikingsuppe med grovt brytebrød, grove heimelaga pølser med kålsalat, nysteikte pannebrød med laks eller spekepølse og Ramsløksrømme, i tillegg til fisk og kjøtt frå grillen med tidsriktig tilbehøyr.

Råvarer og framgangsmåte

Vi legg stor vekt på at både kokemetodar og som råvarer skal vere både tidsriktige og helst lokale, men det skal og vere delikat og velsmakande. Maten i Vikingtida var faktisk ganske "avansert" og dei nytta mange ulike metodar frå langtidskoking til pinnesteiking og steiking i panner og direkte over bål. Fermentering, høyrøyking, tørking, salting og graving var også mykje nytta. Ulike urter blei mykje brukt både for smak og helse, og ofte hadde dei med seg spennande krydder heim frå sine mange reiser, som f. eks kanel som det faktisk er funnet bevis for. 

Kvitløk var mykje brukt og i Gudvangen kan ein framleis kjenne at det lukter "pizza" ved å vandre langs fjorden på sommaren. Basilikum og timian veks vilt i dette Unesco-området som eit levande minne frå vikingane sine aktivitetar.  Faktisk gror det mykje rart langs fjorden her som ikkje finst andre stader i landet. Ein reknar med at dette skuldast både dyrking og produksjon i vikingetida og dumping av gamalt høy for utskiftning  frå vikingeskipa som ankom Gudenes Vang i Njord sin fjord.

Måltidet si inndeling

Vikingane åt ikkje forrett, hovudrett og dessert, men hadde enten eit måltid med alt i ei gryte, eller alt på bordet på ein gang.  Graut var sikringskost og det kunne også vere salt med bacon og ost i, eller servert med surmjølk på.  Det var sjølvsagt forskjell mellom fattig og rik når det kom til maten. Av omsyn til våre besøkande er det nok mest storfolket sine rettar vi set fram.  Men det er også god vikingskikk å servere det beste du har når det kjem gjester på besøk.

Når storfolket hadde storvegs besøk og ved festar og høgtider var det vanleg å ha så mange rettar som mogeleg. Dei vart servert fortløpande slik at det alltid skulle vere mat på borda, litt som ein langvarig tapaskveld.

DSC_9193a.jpg
 
 
 
 

Viking spesialmenyer

Vip meny

I Njardarheimr vil vi gjerne formidle vikingtidens matkultur i form av både ulike smaker og tilberedningsmetoder. Vi legger stor vekt på at råvarebruk og tilberedning er tidsriktig og korrekt. Men vi vektlegger samtidig at dette skal være et kulinarisk måltid med spennende sammensteninger våre gjester skal huske med glede og velvære.

VIPMeny kan forhåndsbestilles, og består da av 5-8 retters middag servert i Høvdingens hus.  Hver enkelt rett er nøye komponert for både å smake fantastisk og å demonstrere de ulike tilberedningsmetodene og råvarebruken fra den tiden.  Før hver rett vil kokken (på engelsk eller norsk)fortelle om maten og demonstrere metodene slik at du som gjest virkelig skal vite hva det er som blir servert.

En historisk VIPmiddag er en underholdende og lærerik kulinarisk opplevelse vi håper å få dele med mange i tiden fremover.

Gilder og vikingfester

Alt fra gropkoking til helgrilling kan forhåndsbestilles til din gruppe eller din spesielle fest. Kontakt oss tilbud og vi hjelper å sette sammen den beste menyen i henhold til anledning og budsjett.