Velkommen til Gudvangen & Viking valley. Her finn du Vikingbyen Njardarheimr.
ei historisk oppleving - Underhaldande og lærerikt for heile familien.

Viking Valley ligg i Gudvangen – i hjartet av det unike fjordlandskapet i Nærøyfjorden som er ført opp på verdsarvlista til UNESCO. Her finn me vikingbyen Njardarheimr, som gir nytt liv til historia og kulturen frå vikingtida. 

Portane står opne for alle som er interesserte i å oppleve og lære om vikingane og korleis dei levde, arbeidde og påverka verda rundt seg. Her kan du bevege deg mellom husa og bli del av ein levande by – eit internasjonalt lokalsamfunn av vikingentusiastar. 

Njardarheimr ønskjer alle velkomne til å oppleve levande historie og hjelpe oss med å byggje for framtida ved hjelp av fortida. Byen er bygd med privat, lokal finansiering og støtte frå gjestene.

viking valley... DER VIKINGHISTORIA BLIR VEKT TIL LIVE

viking-nytt

 Instagram

linje.png