Velkommen til Gudvangen & Viking valley. Her finn du Vikingbyen Njardarheimr.
ei historisk oppleving - Underhaldande og lærerikt for heile familien.

VIKINGbyen OPNINGSTIDER:

Opningstider 2024

1. Januar - 31. Mars: Ope alle dagar 10.30-14.00

1. April - 31. Oktober: Ope alle dagar 10.00-18.00

1. November - 31. Desember: Ope alle dagar 10.30-14.00*

*Unntak: Stengt 24. og 25. desember

Biletter kan kjøpast ved inngangen eller online, www.norwaysbest.com og www.fjordtours.com
Hjå Norway’s Best kan ein óg kjøpe rundturbillettar ferge og skyttelbuss.

Cafeen ved hovudinngangen Viking Vegkro er opeN alle dagar 11.00-21.00

Prisar når du kjøper billettar i døra

  • Dagsbillett Voksen fra 16 år: NOK 235,-

  • Dagsbillett Barn 4-15 år: NOK 105,-

  • Dagsbillett Familie (2 voksne + eigne barn 4-15 år): NOK 595,-
    (NB! Kan kun kjøpast i inngang)

  • Barn under 4 år gratis i følgje med føresette.

  • Barn under 12 år slepp ikkje inn utan følgje fra føresette.

  • Beklager, hunder ingen adgang. (Vi har dyr buande i byen)

  • Røyking kun i tilviste soner.

  • Ja, me har oppbevaringsplass for bagasje.

Visste du? Alle overskudd av inntekter fra billettsalg, matservering og gavebutikk går i sin helhet til bygging, drift og vedlikehold av viking prosjektet.

Takk for at du støtter oss i vårt arbeid for å bevare og formidle kulturen, historien og handverket til våre forfedre 👍👍👍

VIKING VALLEY... DER VIKINGHISTORIA BLIR VEKT TIL LIVE

Viking Valley ligg i Gudvangen – i hjartet av det unike fjordlandskapet i Nærøyfjorden som er ført opp på verdsarvlista til UNESCO. Her finn me vikingbyen Njardarheimr, som gir nytt liv til historia og kulturen frå vikingtida. 

Portane står opne for alle som er interesserte i å oppleve og lære om vikingane og korleis dei levde, arbeidde og påverka verda rundt seg. Her kan du bevege deg mellom husa og bli del av ein levande by – eit internasjonalt lokalsamfunn av vikingentusiastar. 

Njardarheimr ønskjer alle velkomne til å oppleve levande historie og hjelpe oss med å byggje for framtida ved hjelp av fortida. Byen er bygd med privat, lokal finansiering og støtte frå gjestene.

Alle inntekter frå bilettsalg og våre gavebutikkar, går uavkortet til bygging, drift og vedlikhald av prosjektet. Ønsker du å støtte oss i vårt arbeid så kan du benytte donasjonsknappen her:

Følg oss på Instagram og Facebook

linje.png