Vikingbyen Njardarheimr i Viking Valley 

viking-valley-bord.png

I Viking Valley vil du møte innbyggjarane i vikingbyen Njardarheimr, som vil ta deg 1000 år tilbake i tid. I Njardarheimr får du ta aktivt del i eit samfunn med folk som er levande opptekne av å formidle historia om vikingane, om deira reiser, båtar og om korleis vikingtida har sett sine spor i vårt moderne samfunn.

Her kan du fritt vandre rundt og oppleve dei ulike bygningane og aktivitetane i vikingbyen og lære meir om byggeskikk, religion, mat og handverk.

Men den beste læringa får du ved å delta på “The Viking Experience”, ein 45-minuttars rundtur som er inkludert i inngangsbilletten og som startar kvart 30. minutt i sommarsesongen.

Opplev viking-livet - forstå historia 

viking-valley-bord.png

Vikinglandsbyen Njardarheimr består av meir enn 20 bygningar og i overkant 2000m2 bygningsmasse, og fleire er under planlegging. Husa vert bygde utfrå tidlegare erfaringar med rekonstruksjonar av vikingtida sine bygningar. Alle utsmykningane er basert på stilartar frå vikingetida, men med vårt eige design. I bygga vert det nytta materiale som finst her ved Nærøyfjorden, t.d. torv og takspon, som på stavkyrkjene.

I vikinglandsbyen kan du vere med på aktivitetar, sjå attraksjonar, snakke med innbyggjarane i Njardarheimr og lære meir om vikingtida. Du kan oppleve spenninga med bogeskyting, øksekasting og lære deg vikingeleikar og kjenn på lukta av tjære og bålbrenning. Bli med på dei daglege aktivitetane til vikingfamiliane i Njardarheimr! 

Les meir om aktivitetar i Njardarheimr

viking-valley-bord.png

 Velkommen til Viking Valley og Njardarheimr