Aktivitetar

The viking experience

Njardarheimr

Ein underhaldande og lærerik guida tur i Njardarheimr.

Velkommen til ei spanande reise tusen år tilbake i tid, til ei viktig tid i vår historie - vikingetida. Høyr historiar om vikingane, forstå kven dei var og kvar dei kom frå. Opplev korleis det var å vere viking. Vi kan love ei oppleving som vil setje seg i minnet ditt. Her kan du oppleve viking-samfunnet Njardarheimr, vikinganes reiser, båtane deira og forstå korleis vikingetida har sett sine djupe spor i vår historie.

Velkommen til Vikingbyen i Gudvangen.

Bli med på "the viking experience"!

Lengde: 45 min.
Pris: Inkludert i inngangsbilletten
Passar for: Vikingar i alle aldre
Språk: Engelsk/Norsk

Opplev & lær

georg_ew2500pix.jpg

I Njardarheimr kan du sjølv oppleve ein landsby med alle sine aktivitetar,  attraksjonar, folk og lydar.
Opplev spenninga med bogeskyting og øksekasting og lær deg vikingeleikar.
Kjenn på lukta av tjære, bålbrenning og bli med på dei daglege aktivitetane til vikingfamiliane i Njardarheimr.

Njardarheimr er ikkje noko museum, så her kan du ta på ting, prøve ting og lære ved å spørje vikingar direkte i staden for å lese på informasjonstavler.

Bli med på "opplev & lær"!

Lengde: Heile dagen
Pris: Inkludert i inngangsbilletten
Passar for: Vikingar i alle aldre
Language: Engelsk /Norsk

Tilrettelagde tilbod

  • Privat guiding: Vil du ha ein eigen viking til å ta dykk rundt i byen, fortelle, svara på spyrsmål, hjelpe dykk med aktivitetar og anna, utan andre besøkande i gruppå di? Då kan du bestille på salg@guas.no

  • Privat vikingmåltid i eige Viking Hus: Bestill ei matoppleving i Viking Hus. Smak det beste som kunne serverast på denne tida og lær meir om mat og tradisjoner. Kontakt salg@guas.no

  • Lyst å prøva deg i smio? Du kan bestille privattime med smeden i smio. 1-2 timar. Me kjører eigne kurs over flere dagar haust og vår for dei som verkeleg vil lære, men om du berre vil prøve og vite litt meir så passer dette for deg. Kontakt salg@guas.no

  • Vikingbryllaup: Vår Høvding utfører vielsesseremoni foran vikinggudane på tradisjonelt vis. Tromming, vitner, vikingvakter og mjød involvert sjølsagt. Kontakt salg@guas.no

  • Fornying av løfte: Er de allereie gifte, kan det jo vere kjekt å markere ein brullaupsdag eller berre vere litt romantisk. Kontakt salg@guas.no

  • Online Guiding: Frå oktober til april er det mogleg å booke online guiding. Dette er direktesendt, dykk kan stille spørsmål og kommentere. Sett opp ein storskjerm og inviter med laget eller foreininga di på ei annleis oppleving. Kontakt karin@guas.no

  • Skuleklasser: Me har program for 1.-4. trinn, 5.-7. trinn, 8.-10. trinn og vidaregåande. Bestill 1 time online sending eller besøk byen med elevane for eit dagsprogram. Kontakt karin@guas.no