Om oss i Gudvangen Utvikling

På området det det tradisjonelt har vore Vikingmarked kvar sommar, er det blitt reist ein permanent vikinglandsby. Gjennom selskapet Gudvangen Utvikling, eigd av lokale entusiastar, starta bygginga i august 2016 og byggetrinn 1 vart opna 31 mai 2017.

Viking Valley og vikinglandsbyen Njardarheimr skal vere ein stad for gode opplevingar, lærdom og aktivitetar gjennom deltaking og møter med mennesker som i dag lever ut denne tidsepoka.

Vikinglandsbyen har namnet «NJARDARHEIMR»

Njardarheimr betyr heimen som er tileigna den norrøne guden Njord. «Viking Valley» som totalkonseptet vert heitande, skal vere eit levande kulturhistorisk anlegg, bygd tematisk som ein Vikingby. Her skal vikingtida og vikingane si spennande historie formidlast heilt utan museumspreg. 

Om Viking Valley

  • Vikinglandsbyen Njardarheimr består av over 2000 m2 bygningar.

  • Utsmykningane er basert på vikingetida sine stilarter, men med eige design.

  • Husa vert bygde ut frå tidlegare erfaringar med rekonstruksjoner av vikingtida sine bygningar, men tilpassa GUAS sine behov og lokale materiale.

  • Smedarbeid, f.eks. hengsler til dørane, vert utført av ein smed med livslang erfaring med smedhandverk.

  • Det vert brukt tradisjonelle målingstypar til utsmykking av husa m.a. okseblodsmåling.

  • Det vert nytta materiale, som finst i fjordlandet til bygging av landsbyen med torv og takspon som på stavkyrkjene.

Ein vikingby av svært høg kvalitet er vår ambisjon.

Teamet bak utviklinga av "Njardarheimr"

Frå venstre:

  • Steen Bjerg Arkitekt & Byggmester

  • Frode Tufte Konseptutviklar & CEO GUAS

  • Torill Hylland Styreleiar GUAS

  • Johnny Steensen Prosjektkoordinator

  • Bernd Hobohm Designer

Om Gudvangen Utvikling AS (GUAS) 

  • GUAS er eit lokalt eigd utviklingsselskap, som har som føremål å utvikle både næringslivet og busettingen i Nærøydalen.

  • Eigarane av GUAS driftar allereie lokal næringsverksemd med ein samla omsetning på meir enn 150 mill.